Forureina grunn

Forurenset grunn

Jord eller berggrunn der konsentrasjonen av helse- eller miljøfarlege stoff er høgare enn dei fastsette normverdiane for forureina grunn, eller andre helse- og miljøfarlege stoff som etter ei risikovurdering må likestillast med desse.

Grunn der konsentrasjonen av uorganiske helse- eller miljøfarlege stoff ikkje er høgare enn det naturlege bakgrunnsnivået i området der ein planlegg eit terrenginngrep, skal likevel ikkje reknast som forureina. Grunn som dannar syre eller andre stoff som kan føre til forureining i kontakt med vatn eller luft, reknast som forureina grunn dersom noko anna ikkje er dokumentert. Kilde: Forureiningsforskrifta § 2-3 a)