Kva krav gjeld for avfallsplaner i byggesaker?

Krav om avfallsplan i byggesaker er regulert i plan- og bygningslova § 29-8 om avfallshadtering og i byggteknisk forskrift (TEK 10).

Krav i TEK 10

TEK 10 har krav til utarbeiding av avfallsplan, utgreiing om miljøsanering, og sluttrapport som gjer greie for mengda byggavfall og handtering av avfallet i bygge-, rehabiliterings- og riveprosjekt over ein viss storleik.

Sentrale paragrafar i TEK 10 er

Næringsavfall

Bygge- og riveavfall er næringsavfall, og kommunen har ikkje plikt til å ta imot næringsavfall.

Rettleiing

Det er ikkje utarbeidd rettleiing om dette i Miljøkommune.no, men vi kan anbefale nokre nettsider med rettleiing frå Direktoratet for byggkvalitet:

 

Krava var i avfallsforskrifta fram til 2010

Krav om avfallsplan i byggesaker blei regulert i avfallsforskrifta kapittel 15. Denne reguleringa blei oppheva 1. juli 2010, og erstatta med krav i plan- og bygningslova.

Sist revidert: 10.04.2017
av: Miljødirektoratet