Klimatilpassingar - moglege tiltak i avløpsanlegg

Klimaet kjem til å endre seg i dei komande tiåra. Dette vil kunne medverke til å auke forureiningsutsleppa frå avløpssystema dersom det ikkje blir sett inn kompenserande tiltak. Tiltak bør setjast i verk for avløpsanlegg som blir bygde eller fornya, for mange av dei skal vere i funksjon i mange tiår, spesielt avløpsleidningsnettet. Rettleiinga viser prognosar for klimaendringar. Det er vidare foreslått ein framgangsmåte for korleis kommunane kan gjere ein tiltaksanalyse mot verknadene av klimaendringane.

Les meir om tiltak i avløpssektoren på Klimatilpasning.no/avløpshåndtering

Sist revidert: 03.10.2017
av: Miljødirektoratet