Foto: Direktoratet for samfunnssikerhet og beredskap
Begrense skade

Kommunen har beredskapsplikt ved mindre tilfelle av akutt forureining innanfor grensene til kommunen, og som ikkje blir dekt av privat beredskap.

Foto: Direktoratet for samfunnssikerhet og beredskap

Beredskap mot akutt forureining

Velta tankbil, skip på grunn eller tank som sprekk? Akutt forureining krever akutte tiltak for å hindra store eller langvarige skader på miljøet.

Då er det viktig at godt opplærd personell med kort responstid og hensiktsmessig utstyr er tilgjengeleg. Samarbeid om beredskapen i 33 interkommunale samarbeidsutvalg, gjer kvar einskild kommune betre rusta mot kjemikalieutslepp til land, vassdrag eller sjø.

Miljødirektoratet har i eigne vedtak til kommunane sett spesifikke krav til den interkommunale beredskapen, fastsett regiongrensene, peika ut ein vertskommune for kvar region og gitt ei nærare forklaring av forureiningslovas krav om beredskap.

Sist revidert: 21.11.2016
av: Miljødirektoratet
Relatert informasjon