Fleire stadar i Noreg er det høge konsentrasjonar av miljøgiftar i jorda. Grunnen  blir forureina når miljøgifter blir sleppt ut eller gravd ned. Kjeldene er ofte gamle utslepp frå industri og anna næringsverksemd, eller utslepp frå gamle søppelfyllingar.
(Miljøstatus i Noreg)

Forureina grunn i byggje- og gravesaker

Eit terrenginngrep i forureina grunn aukar risikoen for at menneske blir eksponert for forureining. Inngrepet aukar òg risikoen for at ureininga spreier seg i miljøet. Dersom det ikkje vert rydda i forureininga før det vert bygd og fylt ut på ei tomt, kan det vere mykje vanskelegare å rydde opp på tomta seinare. Flytting av forureina masse fører til forureining der massane vert lagd. Kommunen er styresmakt i byggje- og gravesaker i ureina grunn.

Regelverket skal sørgje for at bygging og graving i forureina grunn ikkje fører til forureining, og at det blir rydda opp slik at eigedomen kan brukast til det planlagde føremålet.

Forureiningsforskrifta kapittel 2 om bygging og graving i forureina grunn gjeld der nokon skal gjere terrenginngrep i forureina grunn

  • Hovudregelen er at ein reknar grunn der konsentrasjonen av helse- eller miljøfarlege stoff er over normverdien i vedlegg 1, kapittel 2 av forureiningsforskrifta, som forureina.
  • Grunn der konsentrasjonen av uorganiske helse- eller miljøfarlege stoff ikkje overstig det lokale bakgrunnsnivået reknar ein likevel ikkje som forureina, med mindre jorda eller berggrunnen dannar syre i kontakt med vatn og luft. Mellom anna alunskifer dannar slik syre.
  • Merk at regelverket òg gjeld for gravearbeid og terrenginngrep der ein ikkje har søknadsplikt i følgje plan- og bygningslova.

Stader der det kan vere naturleg å undersøke for grunnforureining

  • Eigedomar som har blitt brukt til industriverksemd eller avfallshandtering.
  • Eigedomar der har blitt utført fleire rivingsarbeid og rehabilitering av bygningar.
  • Branntomter.
  • Eigedomar med restforureining frå tidlegare oppryddingstiltak.
  • Eigedomar som ligg inntil eller nedstraums for eigedomar som er forureina.
  • Eigedomar med alunskifer i grunnen.
  • I eldre og sentrale delar av byar.
Sist revidert: 05.05.2015
av: Miljødirektoratet