Registrere lokaliteter i databasen Grunnforureining

Kommunen har plikt til å registrere opplysninger om forureina grunn i databasen Grunnforureining. Databasen viser eigedomar der det er registrert forureining i grunnen, eller ein har grunn til å mistenke forureining i grunnen, men gir ikkje ein komplett oversikt over all forureina grunn i Norge. 

 

Korleis registrere opplysningar i Grunnforureining

Rapporteringsplikta gjeld dei grave- og byggjesakene som kjem inn under byggje- og gravekapitlet, kapittel 2, i forureiningsforskrifta, og som kommunen tillet etter forurensningsforskrifta § 2-8.

Kommunen har oppfylt registreringsplikta, jamfør forureiningsforskrifta § 2-9 fjerde ledd, dersom sakshandsamer gjer registreringa etter rettleiinga

Staten krev inga rapportering utover dette. Se kapittel 6 i rettleiinga for forslag til rutinar for registrering.

Noko av informasjonen som vert registrera i databasen Grunnforureining, kjem automatisk inn i matrikkelen. Dette gjeld lokaliteter med påverkningsgrad 3, 2 eller X, som er kategorisert som aktiv.

 

Kommunene kan registrere andre lokaliteter med grunnforureining

Du kan registrere 

  • alle stader som har ein ureining i grunnen med helserisiko eller risiko for spreiding i databasen. 
  • stader med mistanke om ureining i grunnen
  • område der det er rester av ureining over normverdiar etter behandling

Det er ønskeleg at kommunen registrerer disse lokalittetane, sjølv om plikta berre gjeld registrering i bygge- og gravesaker etter forureiningsforskrifta kapittel 2.

For å lese meir om kva du kan registrere i databasen, sjå rettleiaren Grunnforurensning - registrering og vedlikehold av informasjon (pdf).

Sist revidert: 02.02.2018
av: Miljødirektoratet
Relatert informasjon