Foto: Vann- og avløpsetaten, Oslo kommune
Mange gamle oljetankar

Det er berekna at det finst omlag 300.000 slike tankar i Noreg. Mange av dei er gamle med auka risiko for å sprekke.

Foto: Vann- og avløpsetaten, Oslo kommune

Nedgravne oljetankar

Nedgravne oljetankar representerer ei aukande kjelde til ureining av grunnen. Ein stor del av tankane er ståltankar lagt ned på 1960- og 70-talet. Desse vert utsett for både innvendig og utvendig korrosjon. Dei mest alvorlege problema oppstår ved ureining av grunn og vassressursar, men innemiljø i hus kan òg bli skadelidande ved lekkasjar frå slike tankar.

Oppgåvehjelp til sakshandsaming

Sist revidert: 22.05.2017
av: Miljødirektoratet