Krav til tankeigar og aktørar som handterer negravne oljetankar

Tankeigar har plikter anten kommunen har fastsett forskrifta eller ikkje

Tankeigaren har ansvar

  • for at tankane er i forsvarlig stand og opererast slik at forureining vert unngått
  • for forureining som måtte oppstå frå tanken, og for kostnadane ved å rydde opp

Dette følgjer av forureiningslova § 7. Ved førespurnadar kan det kan vere lurt av kommunen å forklare tankeigar sitt ansvar. Dette gjeld uavhengig av kva krav kommunen stiller.

Krav til aktørar som handterer nedgravne oljetankar

Kommunen skal stille kvalifikasjonskrav til dei som skal utføre tilstandskontroll på nedgravne tankar, men ikkje til dei som skal tømme, reingjere, fjerne eller fylle att nedgravne tankar. Dette er forankra i forureiningsforskrifta kapittel 1.

Kommunen kan likevel ha nytte av å vite om anna regelverk som gjeld for slikt arbeid med oljetankar, til dømes der kommunane sjølv eig og driv avfallsmottaka som tek imot tankar som gravast opp.

Til dømes vil restolje som hentast ut av tankane vere farleg avfall, og skal leverast til lovleg avfallsmottak. Verksemder som mellom anna tømmer og reingjer oljetankar, pliktar å deklarere dette farlege avfallet ved levering til avfallsmottaket. Denne plikta er forankra i avfallsforskrifta kapittel 11.

Denne ordninga har erstatta tidlegare krav om løyve frå SFT og samarbeidsavtale med NORSAS, som er nemnd i rettleiaren til forskrifta om nedgravne oljetankar frå 1997.

Arbeidstilsynet har òg føresegner for verksemder som utfører arbeid i eller på nedgravne oljetankar, som skal sikre at arbeidet ikkje medfører nokon brann- eller helsefare. Dette er forankra i forskrift om utførselse av arbeid  

Miljødirektoratet driv inga ordning for godkjenning eller sertifisering av verksemder som tømmer, reingjer og fjernar eller fyller igjen nedgravne oljetankar. Verksemdene er likevel omfatta av plikta i forureiningslova § 7 til å gjere tiltak for å hindre at forureining kan inntreffe. Dette stiller krav til at den som utfører jobben må ha nødvendig og relevant kompetanse.

Sist revidert: 27.08.2018
av: Miljødirektoratet