Nedgravne bensintankar kjem ikkje under kapittel 1

Nedgravne bensintankar er ikkje ein del av forureiningsforskriftas kapittel 1. Denne forskrifta gjeld kun for nedgravne oljetankar som brukast til oppbevaring av til dømes diesel, parafin og fyringsolje.

Dette skuldast at petroleumsprodukt med flammepunkt lågare enn 23 °C, som det er knytt særskild brann- og eksplosjonsfare til, er unnateke føresegnene i forureiningsforskrifta kapittel 1. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har forskrifter og rettleiing om dette.

Forureiningsforskrifta kapittel 1 og tilhøyrande rettleiing refererer til Forskrift om tiltak for å hindre lekkasje fra nedgravd tank for brannfarlig væske klasse A. Vi gjer merksam på at denne forskrifta ikkje lenger gjeld, då DSB har lagt om sitt regelverk for farleg stoff. Se 

Sist revidert: 27.08.2018
av: Miljødirektoratet