Støyplager

Støy er det miljøproblemet som rammar flest menneske i Noreg. Vegtrafikk er desidert den viktigaste kjelda til støyplager.

Støy

Støy er definert som forureining i forureiningslova, og er eit miljøproblem som rammar mange. Kommunen skal sikre innbyggjarane mot støyplager som kan ha negative konsekvensar for helsa, ved å ta stilling til langsiktige utfordringar innan støyforureining i kommuneplanen, i planlegginga etter plan- og bygningslova og i godkjenning av verksemder etter andre lovverk.

Det er eit nasjonalt mål å redusere støyplaga med 10 prosent innan 2020, samanlikna med 1999. Det er òg eit mål å redusere talet på personer som blir utsett for eit innandørs støynivå på over 38 dB med 30 prosent innan 2020, samanlikna med 2005. Støyplager kan føre til dårleg trivsel, dårleg søvn og dårleg helse. Uforstyrra søvn er ein føresetnad for god fysiologisk og mental helse. Fråvær av støy er òg ein føresetnad for at kulturmiljø, frilufts- og rekreasjonsområde skal ha full verdi.

Det er både billegare og meir effektivt å inkludere støyførebyggjande tiltak i planlegginga enn å utføre betringstiltak i etterkant. Miljøverndepartementets retningslinje for behandling av støy i arealplanlegginga, T-1442/2016, fastset tilrådde utandørs støygrenser. Kapittel 5 i forureiningsforskrifta gir ei tiltaksgrense for innandørs støy. Grensa skal følgast av anleggseigar i eksisterande bygning. Det er Fylkesmannen som er forureiningsstyringsmakt etter denne delen av forureiningsforskrifta.

Sist revidert: 18.01.2017
av: Miljødirektoratet