Helsedirektoratet sine rettleiingar til støytiltak etter folkehelselova

Mange støyproblem som ikkje kan løysast med forureiningslova kan regulerast med folkehelselova.

Det er Helse- og omsorgsdepartementet med dei underliggande organa Helsedirektoratet og Nasjonalt folkehelseinstitutt som rettleier i bruka av folkehelselova. Fylkeslegen hos Fylkesmannen kan og gje rettleiing. I kommunen er fullmakt etter folkehelselova ofte lagt til kommunelegen.

Rettleiar i miljøretta helsevern IS-1104/2003

Rettleiaren legg vekt på at miljøretta helsevern skal prege planlegginsfasen når verksemder skal startast, utvidast, endrast eller avvikles. Det er derfor lagt vekt på konsekvensutreidning, samarbeid med andre delar av forvaltninga og medverknad frå befolkningen. Utgitt av Helsedirektoratet i 2004. 152 sider. Behandling av støy og vibrasjonar etter forskrift om miljøretta helsevern er omtala spesielt i avsnitt 11.3.

Rettleiarar til forskrifta om miljøretta helsevern i barnehage og skule  IS-2072 og IS-2073

Omtaler mellom anna innandørs lydnivå i skular og barnehagar. Utgitt av Helsedirektoratet i 2014.

Musikkanlegg og helse – ein rettleiar til arrangørar og kommunar IS-0327/2011

Rettleiaren er meint å imøtekomme lokale styresmakter sitt behov for konkrete anbefalingar om akseptable lydnivå ved konserter, festivalar og lignande arrangement. Rettleiaren klargjer òg ei forventning til kommunen si behandling av saker som omfattas av forskriften om miljøretta helsevern § 9 punkt a), om helsemessige ulemper som virksomhet eller eiendom påfører omgivelsene og § 10 punkt a), om helsemessige forhold i virksomheter og eiendommer. Utgitt av Helsedirektoratet i 2011. 28 sider.

Rettleiar for støyvurdering ved etablering av nærmiljøanlegg IS-1693/2009

Rettleiaren gjeld støy frå nærmiljøanlegg, særleg ballbingar. Rettleiaren har som formål å sikre at støy vert tilstrekkelig utreda og vurdera når nye anlegg blir planlagd og utforma, slik at støyplager og konfliktar vert unngått. Rettleiaren skal bidra med kunnskap om støy og støyplager, gi rettleiing om støyvurderingar og bidra til en meir samordna og eins behandling av nærmiljøanlegg i fylker og kommunar. Utgitt av Helsedirektoratet i 2009. 19 sider.

Sist revidert: 18.01.2017
av: Miljødirektoratet