Rettleiing til støyregelverket

Vegvisar til støyregelverket 

I vegvisaren til støyregleverket finn du blant anna informasjon om kva slags regelverk som gjeld i ulike typar saker om støyforureining og ulike støykjelder, mellom anna bygg og anlegg, vegtrafikk, støy frå naboar, serveringsstadar, skytebaner, landbruk, motorferdsel i utmark og vassdrag, båttrafikk og fritidsfartøy, og så bortetter.

Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging, T-1442/2016

Formålet med retningslinja er å førebyggje støyplager og verne om stille og lite støypåvirka natur- og friluftsområde. Retningslinja anbefaler etablering av støysoner som skal sikre at støyutsette område rundt eksisterande støykjelder vert synlege i arealplanlegginga. Ho gir anbefalingar om kvar bebyggelse med støyfølsom bruksformål ikkje bør etablerast, og kvar etableringa berre kan skje med særlige avbøtande tiltak. Og retningslinja gir anbefalingar for støygrenser ved etablering av nye støykjelder, slik at desse lokaliserast og utformast med tanke på å hindra nye støyplager.

Rettleiar til retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging, M-128/2016

Denne rettleiaren er ein fagleg utdjuping av prinsipp, metoder og anbefalinger som er politisk fastsett i retningslinje T-1442/2016. Rettleiaren er i tråd med EU-regelverket sine metodar og einingar, og er koordinert med regelverket om lydforhold i bygg, som er gitt i byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven. Miljødirektoratet, 342 sider.

Rettleiar til kapittel 5 i forureiningsforskrifta om støy, TA-2207/2006

Tilhøvet mellom forureiningsforskrifta sine avgjerder om innendørs støy og annet regelverk er omtalt i kapittel 5. Rettleiaren er ellers særleg retta mot ansvarleg anleggseigar, og gir rettleing om korleis dei skal stille seg til reglane i forskrifta. Frå 2006. 79 sider.

Sist revidert: 18.01.2017
av: Miljødirektoratet
Relatert informasjon