Tillate avgift for tilgang til mykje brukt friluftsområde

Allemannsretten er eit gratis gode. I enkelte tilfelle kan ein likevel forsvare å ta ein låg pris for enkel og nødvendig tilrettelegging. Det er kommunen som avgjer om ein skal krevje inn avgift.

Kommunen si myndigheit

Allemannsretten er eit gratis gode. I enkelte tilfelle kan ein likevel forsvare å ta ein låg pris for enkel og nødvendig tilrettelegging jamfør friluftslova § 14 om avgift for adgang til friluftsområde. Dette gjeld toalett, parkeringsplassar på mykje brukte friluftslivsområde og liknande tiltak. Ein kan ikkje ta betalt for tilgang til preparerte skispor i utmarka.

Kommunen har myndigheit til å avgjere om ein skal kunne krevje inn avgift, og kor stor denne skal vere. Avgifta skal stå i forhold til investeringa og må vere låg.

Argumentasjon til saksbehandlar

  • Det er viktig å presisere at allemannsretten er eit gratis gode. Innføring av ulike typar avgifter har blitt sett på som i strid med friluftslova. Dette gjeld løypeavgifter, kurtakst eller andre typar destinasjonsavgifter.
  • Det finst likevel ein mogelegheit i føresegna for å ta ei låg avgift for enkelte og grunnleggjande tilretteleggingstiltak, som er til nytte for alle eller ei stor gruppe av dei besøkande friluftslivsutøvarane.
  • Ein kan setje vilkår for å ta avgift. For parkeringsplassar kan det til dømes innebere at parkeringsplassen blir heldt open, eventuelt blir brøyta til visse tider.

Lovgrunnlaget og andre retningslinjer

Ein gir løyve til å krevje inn avgift etter § 14 i friluftslova om avgift for adgang til friluftsområde. Dette er eit vanleg enkeltvedtak som det kan klagast på.

1. Søknad
2. Om nødvendig synfaring
3. Vedtak
4. Eventuell klagebehandling

1. Søknad

Søknad kan fremjast av eigar eller brukar, her brukt i tydinga rettigheitshavar.

Søknaden må inneholde opplysninger om områdets karakter, hvilke tiltak det søkes om betaling for, beregnede kostnader med tiltaket og størrelse på avgiften.

2. Om nødvendig synfaring

Ofte vil det vere nødvendig med ei synfaring for å vurdere forholda på staden nærare.

3. Vedtak

Kommunen skal bruke føresegna med varsemd. Utgangspunktet er at allemannsretten er eit gratis gode. Tiltaket må vere lite og ikkje større enn det er behov for. Kommunen kan gi løyve til enkel tilrettelegging slik som tildømes toalett, utebenkar, badestige. Føresegna blir òg, til ei viss grad, brukt når det gjeld betaling for parkering på mykje brukte utfartsområde. Avgifta må vere låg og ikkje overstige kostnadane.

Det skal ikkje vere mogleg for søkjar til å byggje opp forteneste på tilretteleggingstiltaket, men det er høve til å setje av ein mindre sum til nødvendig vedlikehald og framtidig reinvestering i tilsvarande tilretteleggingstiltak.

Elles følgjer saksbehandlinga dei vanlege saksbehandlingsreglane for forvaltingslova.

4. Eventuell klagebehandling

Klage går til det overordna forvaltningsorganet, som er Fylkesmannen.

Sist revidert: 24.04.2015
av: Miljødirektoratet