Regulere ferdsel i innmark

Friluftsloven gir allmenta rett til ferdsel på sti og vei i innmark som fører til utmark. Kommunen kan, med eigars samtykke, regulere ferdselen. Ei slik regulering er det ofte behov for der hvor ferdsel ikkje er forenlig med eier sin drift av garden.

Kommunen sin myndigheit

Friluftslova opnar for ferdsel i innmark etter friluftslova § 3 om ferdsel i innmark, jamfør § 3a om fersel på veg og sti i innmark.  Både til fots og ferdsel på veg og opparbeidd sti med ride- eller kløvhest, trøsykkel, kjelke eller liknande når hensikten er å ta seg over i utmark. Ferdsel med ride- og kløvhest med mer gjeld ikkje organisert aktivitet med ride- eller kløvhest, tråsykkel, kjelke eller liknende. Kommunen kan etter ei konkret vurdering regulere slik ferdsel. Kommunale vedtak må stadfestast av Fylkesmannen. 

Ferdsel på vei og sti (vanleg eller opparbeidd) kan vere problematisk med tanke på gardsdrift. I konfliktsituasjonar kan det difor vere behov for å redusere allmenta sin rett til ferdsel heile året, eller til visse tider på året.

Kommunen har myndigheit til å forby, eller på annan måte regulere ferdsel på vegar og stiar i innmark (sjå flytskjemaet).

Argumentasjon til saksbehandlar

Føresegna tredde i kraft 1. januar 2012. I høyringsrunda var det fleire innspel spesielt knytt til tradisjonell landbruksdrift. Det blei framheva at ferdsla ville vere til skade eller ulempe særleg når det gjeld bruken av landbruksmaskiner på vegar i innmark. Kommunen bør difor ha fokus på denne problemstillinga i dei tidene på året då dette kan vere eit reelt problem. Reguleringa vil vere ei forskrift. Eigaren kan på sjølvstendig grunnlag forby ferdsel etter første ledd i føresegna dersom ferdsla kan komme til å valde vesentleg skade.

Lovgrunnlaget og andre retningslinjer

1. Kommunen ynskjer å regulere
2. Samtykke frå grunneigar eller brukar
3. Vedtak i form av ei forskrift, jamfør forvaltningslova kapittel VII
4. Høyring/oppsummering
5. Stadfesting
6. Kunngjering av endeleg forskrift
7. Eventuell klagebehandling

1. Kommunen ynskjer å regulere

Innspel kan kome frå personar/organisasjonar eller frå kommunen sjølv.

I utgangspunktet bør kommunen stille relativt strenge krav til skade eller ulempe for grunneigar, og alltid først vurdere om konflikten kan løysast gjennom rettleiing og informasjon. Ofte vil det òg vere naturleg å vurdere om enkel tilrettelegging kan hindre slitasje og difor gjere reguleringar unødvendige. Kommunen har inga plikt til å regulere. I føresegna ligg det skjønn der ein må ta omsyn til ulike typar brukargrupper, naturen og grunneigar eller brukar.

2. Samtykke frå grunneigar eller brukar

Dersom initiativet ikkje kjem frå grunneigar, må kommunen skaffe samtykke frå grunneigar eller brukar. Samtykke er ein føresetnad for å utforme forskrift, etter krav i friluftslova.

3. Vedtak i form av ei forskrift, jamfør forvaltningslova kapittel VII

Det skal ikkje vere kurant å regulere vekk ein allemannsrett.

Stor terrengslitasje kan medføre behov for regulering. Ei aktuell problemstilling er riding på vegar og opparbeidde stier i innmark i kulturlandskapet. Her vil det vere aktuelt å forby riding på visse opparbeidde stiar heile eller delar av året for å unngå at desse blir trakka sund eller er til hinder for landbruksdriften.

Reguleringar blir fastsette i form av ei forskrift. Det betyr at ein må utarbeide eit forslag til forskriftstekst, som må sendast ut på høying til dei partane forskrifta vedkjem. Elles følgjer saksgangen forvaltningsloven kapittel VII om forskrifter, § 38. Forskrifter må kunngjerast i Norsk Lovtidend. 

4. Høyring/oppsummering

Sjå forvaltingslova kapittel VII om forskrifter.

5. Stadfesting

Regulering etter friluftslova § 3a om ferdsel på vei eller sti i innmark, må stadfestast av Fylkesmannen. Det same gjeld reguleringar på visse friluftsområde, § 15 om regulering av ferdsel på visse friluftsområde.

6. Kunngjering av endeleg forskrift

Kommunen kunngjer endeleg forskrift i Norsk Lovtidend.

7. Eventuell klagebehandling

Forskrifta kan bringast inn for Klima- og miljødepartementet av grunneigar, brukar, kommunen der grunnen ligg, ein nabokommune, fylkeskommunen eller av eit interessert friluftslag. Klima- og miljødepartementet står fritt til å gjere om forskrifta.

Sist revidert: 14.09.2015
av: Miljødirektoratet