Gje uttalelse i tvilsspørsmål

Kommunen har ei viktig oppgåve i å hindre og løyse konfliktar. Det er viktig at innbyggjarane kan kontakte kommunen og få svar på spørsmål som er viktige for utøving av lokalt friluftsliv.

Åpne flytskjema Klikk for å åpne flytskjema i eget vindu

Kommunen si myndigheit

Det er kommunen si oppgåve å avklare forholdet til friluftslova lokalt. Oppgåvene er nærare definert i føresegna. Det er viktig at innbyggjarane kan kontakte kommunen og få svar på spørsmål som er viktige for utøving av lokalt friluftsliv.

Kommunen har ei viktig oppgåve i å hindre og løyse konfliktar. § 20 i friluftslova om uttalelse om tvilsspørsmål, gir kommunen heimel som lokalt friluftslivsorgan til å gi fråsegner om ein del sentrale tema. Fråsegna er ikkje eit juridisk bindande vedtak. Erfaringa er at fråsegna likevel har ein viss autoritet, sidan ho både er gitt i samsvar med ei føresegn i friluftslova, og av eit lokalt friluftsorgan med heimel i friluftslova.

Ei fråsegn frå kommunen er ikkje eit bindande vedtak for partane i saka. Den vil likevel vere retningsgivande for kommunen sitt synspunkt som lokalt friluftslivsorgan, og vil ofte bli lagt til grunn i seinare enkeltvedtak.

Kommunen pliktar berre å behandle saker frå grunneigar, brukar og interesserte friluftslag, men vi vil føreslå at kommunen òg behandlar spørsmål frå andre til dømes enkeltpersonar der avgjerda vil vere av allmenn interesse.

Argumentasjon

Det er viktig å førebyggje konflikt. Føresegna kan brukast på denne måten, og hindre at saker går til retten. Samtidig skal fråsegnene vere i tråd med friluftslova og ikkje nødvendigvis vere eit kompromiss mellom partane i saka.

Lovgrunnlaget og andre retningslinjer

Lovgrunnlaget er § 20 i friluftslova om uttalelse om tvilsspørsmål, der kommunen kan gi fråsegn om:

  1. Grensa mellom inn- og utmark.
  2. Kva avstand ein raste- og teltplass skal ha frå busette hus og hytter, eller om dette opphaldet medfører skade eller ulempe for grunneigar.
  3. Om eit stengsel eller skilt er lovleg.
  • Som lokalt friluftslivsorgan, kan kommunen òg gi fråsegner med heimel i den generelle rettleiingsplikta, jamfør § 21 i friluftslova om friluftslivsorganene og § 22 om friluftslivsorganenes arbeidsoppgaver. Ein er då ikkje avhengig av at spørsmålet kjem frå grunneigar, brukar eller eit interessert friluftslag. Det kan til dømes komme frå ein privatperson.

1. Kommunen tek imot førespurnad
2. Innhente fråsegner frå partane i saka
3. Om nødvendig: Synfaring
4. Konklusjon
5. Søksmål
6. Ingen klagerett
7. Sivilombudsmannen

1. Kommunen tek imot førespurnad

Grunneigaren, brukaren eller eit interessert friluftslag kan krevje ei fråsegn etter § 20 i friluftslova om uttalelse om tvilsspørsmål. Kommunen pliktar å behandle desse førespurnadene etter forarbeida til lova og av forvaltingsrettslege prinsipp. Det er naturleg at kommunen òg behandlar andre førespurnader: Eit eksempel kan vere ein turgåar som meiner å ha blitt vist bort utan rimeleg grunnlag, og ynskjer ei fråsegn om eit område er innmark eller utmark.

Ein kan ikkje alltid stille krav om at kommunen skal konkludere. Der det er godt grunngiven tvil vil kommunen kunne vise til at konklusjonen er usikker.

2. Innhente fråsegner frå partane i saka

Før ein tek ei avgjerd bør kommunen normalt innhente fråsegner frå partane i saka. Når fråsegna gjeld spørsmål om ferdselsrett over hus- eller hyttetomt, bør hus- eller hytteeigar få høve til å uttale seg.

3. Om nødvendig: Synfaring

Ofte vil det vere nødvendig med ei synfaring for å vurdere forholda på staden nærare. Friluftslova byggjer på eit prinsipp om at allmenta, ut frå forholda på staden, skal kunne vurdere kva som er innmark og utmark. Det same gjeld kva som er eit ulovleg stengsel eller ulovleg forbodsskilt. I nokre tilfelle kan god fotodokumentasjon erstatte synfaring.

4. Konklusjon

Miljøverndepartementet har i 2007 utarbeidd eit rundskriv til hjelp for kommunene, fylkeskommunene og Fylkesmannen, rundskriv T-3/07 Om lov om friluftslivet av 28. juni 1957 nr. 16, med kommentarar til friluftslova. Det er utarbeidd handbøker som kan gi rettleiing når kommunen skal vurdere grensa for den private sona rundt hus- og hyttetomter, og kva type stengsel som er ulovlege. Handbøkene ligg på nettsidene til Miljødirektoratet. 

5. Søksmål

Sjølv om fråsegna frå kommunen har vesentleg autoritet, kan eigar bringe saka vidare inn for rettsapparatet. Kommunen si fråsegn vil ikkje vere avgjerande, men vil kunne givast ei viss vekt. Saka kan vidare bringast inn for Sivilombudsmannen.

6. Ingen klagerett

Ingen klagerett.

7. Sivilombudsmannen

Sjølv om fråsegna frå kommunen har vesentleg autoritet, kan eigar bringe saka vidare inn for rettsapparatet. Kommunen si fråsegn vil ikkje vere avgjerande, men vil kunne givast ei viss vekt. Saka kan vidare bringast inn for Sivilombudsmannen.

Sist revidert: 29.06.2017
av: Miljødirektoratet