Merke ruter og turstiar

Kommunen har ansvar for å merke stiar og løyper og andre fysiske tiltak for tilrettelegging i utmark.

Åpne flytskjema Klikk for å åpne flytskjema i eget vindu

Kommunen si myndigheit

Merking av stiar og løyper og andre fysiske tiltak for tilrettelegging i utmark krev samtykke frå grunneigaren. Kommunen har ansvar for å vurdere behovet for enkle tiltak i utmarka, som mellom anna å merke og varde stiar og byggje klopper og bruer langs ruter og stiar. Dersom grunneigar motset seg dette utan god grunn, og tiltaket er viktig for allmenta si friluftslivsutøving, kan kommunen fatte vedtak om inngrep.

Kommunen skal behandle tilsvarande søknadar frå organisasjonar som har til føremål å fremje reise- og friluftsliv. Kommunen kan då berre gi løyve til å merke og varde ruter og ikkje til å byggje klopper og bruer eller andre tiltak for å lette ferdsla. 

Miljødirektoratet har heimel til å gi løyve dersom søkjar er ein regional friluftslivsorganisasjon og tiltaket går over kommunegrenser.

Grunneigaren har krav på at inngrep blir erstatta og at dette spørsmålet bringast inn for skjønnsretten.

Kvifor tilrettelegge?

  • Målet er å leggje til rette for det enkle friluftslivet. Vi viser her til St.melding nr. 39 (2000-2001) Ein veg til høgare livskvalitet, der måla for framtidig friluftslivsforvalting er nedfelt. Mange små tiltak som i lita grad påverkar grunneigar kan vere til stor hjelp både med omsyn til det reint praktiske, til dømes ei bru over ei lita elv eller bekk, og tiltak med stor innverknad på tryggleiken, til dømes merking av sti i rasfarlege område. Grunneigar har krav på erstatning for dei økonomiske skadane vedtaket påfører han.

Lovgrunnlaget og andre retningslinjer

  • Friluftslova § 35 første og andre ledd, om tiltak og inngrepsløyve for å lette ferdsel i utmark. I tillegg følgjer det av det femte leddet i føresegna at eventuelle spørsmål om økonomisk kompensasjon blir avgjort av skjønnsretten. I dei tilfella der vedtak blir fatta av kommunen, erstattar kommunen eigaren eller brukaren sine skjønnskostnader.

1. Behov for å tilrettelegge for friluftsliv?
2. Prøve frivillig løysing
3. Frivillig avtale
4. Frivillig avtale ikkje mogleg
5. Sjekke omsynet til biologisk mangfald, eventuelt vernestatus
6. Vedtak
7. Eigar blir varsla og får mogelegheit til medverknad før tiltaket blir gjennomført
8. Erstatning for økonomisk skade

1. Behov for å tilrettelegge for friluftsliv?

Kommunen ynskjer å tilrettelegge for friluftsliv eller mottek søknad frå frivillig organisasjon.

Kommunen vurderer behovet for tilrettelegging. Når kommunen har gjort ei utgreiing om kva type tiltak som er aktuelle, blir grunneigar eller brukar kontakta med sikte på å få i stand ein frivillig avtale.

2. Prøve frivillig løysing

Om grunneigar eller brukar ikkje straks samtykker til tiltaka kommunen føreslår, bør kommunen leggje ned mykje arbeid i å komme fram til ein frivillig avtale. Ein føreset at kommunen må ha prøvd dei moglegheiter som finst utan å lukkast, før den tek i bruk heimelen i friluftslova § 35 om tiltak og inngrepsløyve for å lette ferdsel i utmark. Først når partane står så langt frå kvarandre at vidare forhandlingar må sjåast på som nyttelause, kan ein gå vidare i vedtaksprosessen.

3. Frivillig avtale

Grunneigar eller brukar samtykker til tiltaka kommunen føreslår.

4. Frivillig avtale ikkje mogleg

Om grunneigar eller brukar ikkje straks samtykker til tiltaka kommunen føreslår, bør kommunen leggje ned mykje arbeid i å komme fram til ein frivillig avtale. Ein føreset at kommunen må ha prøvd dei moglegheiter som finst utan å lukkast før den tek i bruk heimelen i friluftslova § 35 om tiltak og inngrepsløyve for å lette ferdsel i utmark. Først når partane står så langt frå kvarandre at vidare forhandlingar må sjåast på som nyttelause, kan ein gå vidare i vedtaksprosessen.

5. Sjekke omsynet til biologisk mangfald, eventuelt vernestatus

Før ein fattar vedtak må inngrepet vurderast opp mot viktige naturverdiar, som estetikk og biologisk mangfald. Det må òg vurderast opp mot anna lovverk, som plan- og bygningsloven og naturmangfoldsloven med forskrifter eller verneforskrifter. Det er viktig å ta omsyn til artar som treng særleg vern og viktige ansvarsartar, til dømes villrein. Skal ein sti merkast, må ein sjekke at stien ikkje medfører ferdsel i kalvingsområda til villreinen.

6. Vedtak

Vedtaket er eit enkeltvedtak jamfør friluftsloven § 24 andre ledd, om forholdet til forvaltningsloven, herunder kunngjøring og klage. Ein kan klage på vedtaket til overordna forvaltingsmyndigheit, som er Fylkesmannen. Saksbehandlinga følgjer reglane i forvaltingslova om enkeltvedtak.

7. Eigar blir varsla og får mogelegheit til medverknad før tiltaket blir gjennomført

Eigar skal varslast i god tid før merking av ruter. Dersom han motset seg merkinga avgjer kommunen om, og i tilfelle på kva måte, den skal tillate merkinga. Tiltak etter friluftslova § 35 tredje ledd blir avgjort av Klima- og miljødepartementet.

8. Erstatning for økonomisk skade

Grunneiger eller brukar har krav på erstatning dersom dei har lide økonomisk tap. Eit slik krav kan anten avgjerast gjennom frivillig avtale med kommunen eller gjennom skjønn. I det sistnemnde tilfellet skal kommunen betale grunneigar eller brukar oppsamla skjønnskostnader. Det finst unntak frå dette når grunneigar eller brukar har avslått eit rimelegare forlikstilbod, eller har kravd skjønn utan rimeleg årsak.

Sist revidert: 24.04.2015
av: Miljødirektoratet