Løyse inn særleg utsett område

Eigaren av eigedomar som i særleg grad blir brukt av allmenta kan nytte seg av ein innløysingsrett og krevje at kommunen løyser inn området.

Kommunen sin myndigheit

Når det gjeld eigedomar som i særleg grad blir brukt av allmenta, kan eigaren krevje at kommunen løyser inn området. Eigaren kan krevje at saka blir avgjort ved skjønn. Retten til innløsning er hjemlet i friluftslova § 18.

Innløysingsretten føreset at kommunen ikkje gjer vedtak om sperring, eller i dei tilfella der det viser seg at sperring ikkje er tilstrekkeleg for å beskytte området.

Når eit vedtak om innløysing er fatta kan eigaren bringe saka inn for skjønnsretten.

Retten til innløysing tilkjem grunneigaren. Til no er det få grunneigarar som har kravd innløysing. Det bør likevel vere rom for å bruke føresegna i område der friluftslivskvalitetane er openbare og det er få utnyttingsmoglegheiter for grunneigar, til dømes fordi kommuneplanar gjør det lite trolig at eiendomsverdien kan realiseres.

Til tross for at bestemmelsen ikkje er nytta mange ganger, kan det likevel være nyttig for kommunen å gjere grunneigar merksam på moglegheita, som ein del av ein prosess, der målet er sikring eller tilrettelegging for friluftsliv.

Grunneigaren vil få skjønnskostnadane dekt av kommunen.

Lovgrunnlaget og andre retningslinjer

Innløysingsretten har heimel i § 18 i friluftslova om krav om innløsning av særlig utsatt område. Dette er eit enkeltvedtak der mellom anna kommunen må vurdere om vilkåra i føresegna er tilfredsstilte.

1) Eigar set fram krav om innløysing
2) Kommunen vurderer kravet
3) Vedtak - Ikkje krav på innløysing
4) Vedtak - krav på innløysing
5) Rettsleg skjønn

1) Eigar set fram krav om innløysing

Det er eigar som set fram krav om innløysing.

Ein må forstå friluftslova § 18 om krav om innløysing av særlig utsatt område, slik at når ein grunneigar kontaktar kommunen med krav om innløysing, bør kommunen først og fremst prøve å komme fram til ein frivillig avtale. Dersom det er tydeleg at dette vil gå i orden, òg når det gjeld kjøpesum, vil det ikkje vere behov for å gå vegen om friluftslova § 18. Det blir då rekna som eit frivillig kjøp.

2) Kommunen vurderer kravet

For at grunneigar skal få medhald må visse vilkår vere oppfylte. For det første må eigar sin grunn vere utsett for særleg ferdsel. Det betyr at dette må vere eit attraktivt område med mykje ferdsel. Likeeins må ferdsla gjere tydeleg skade eller vere til vesentleg hinder for eigaren sin eigen bruk av området. Ein må ikkje ha vedteke sperring i området, eller sperringa må reknast som utilstrekkeleg til å hindre tydeleg skade eller ulempe. Like med tydeleg skade er det tilfellet at vakthald blir urimeleg dyrt. Se rundskriv T-3/07.

Avgjerda til kommunen etter friluftslova § 18 om krav om innløsning av særlig utsatt område, er eit enkeltvedtak jamfør § 24 om forholdet til forvaltningsloven, herunder om kunngjøring og klage.

3) Vedtak - Ikkje krav på innløysing

Vedtak som konkluderer med at det ikkje føreligg krav på innløysing kan klagast inn til Fylkesmannen jamfør friluftslova § 24, andre ledd, siste setning om forholdet til forvaltningsloven, herunder om kunngjøring og klage. Sjølv om grunneigaren ikkje har krav på innløysing kan kommunen kjøpe området, men då som eit ledd i ein vanleg privatrettsleg rettshandel. 

4) Vedtak - krav på innløysing

Vedtaket vil i utgangspunktet gjelde sjølve kravet om innløysing. Når det gjeld storleiken på pengesummen kan dette følgje to spor. Anten forhandlar ein fram ei minneleg løysing om kor stor summen skal vere eller så blir saka bringa inn for skjønnsretten.

5) Rettsleg skjønn

Rettsleg skjønn føregår i samsvar med skjønnsprosesslova av 1. juni 1917 kap. 2 om ekspropriationssaker.

Skjønnsretten avgjer om vilkåra for å kunne krevje skjønn er til stades, i tillegg til omfanget og storleiken på erstatninga.

Kommunen skal erstatte eigaren sine skjønnskostnader, men må gjere unntak frå tilfelle der retten finn at eigar har avslått eit rimeleg forlikstilbod eller har kravd skjønn utan rimeleg årsak.

Sist revidert: 24.04.2015
av: Miljødirektoratet