Korleis kan kommunen ta vare på allmenta sine friluftsinteresser?

Miljøvennleg friluftsaktivitet skal takast vare på og fremjast. Kommunen har ei viktig oppgåve når det gjeld å arbeide for allmenta sine friluftslivsinteresser lokalt.

Kommunen sin myndigheit

Kommunen skal utføre dei lovpålagte oppgåvene sine i samsvar med friluftslova og fremje interessene til allmenta. Innhaldet i dette ansvaret følgjer av friluftslova § 22 om friluftslivsorganenes arbeidsoppgaver. Det er heimel i § 23 om forskrifter, til å innføre forskrifter som konkretiserer kommunen sine oppgåver.

Kommunen skal arbeide for å fremje friluftslivsføremål og kan som ledd i dette opptre, klage og reise søksmål for å ta vare på allmenta sine interesser.

Rettleiing til saksgangen

  1. Verkemidla

    • Opptre, klage og reise søksmål kor dette er naudsynt for å sikre allemannsretten lokalt og regionalt.

    • Om ferdsel i utmark, friluftslova § 2 andre ledd, om ferdsel i innmark § 3 tredje ledd, om rasting og telting § 9 fjerde ledd, om avgift for adgang til friluftsområde § 14 , om regulering av ferdsel på visse friluftsområde § 15 , om sperring av særlig utsatt område § 16 , om friluftsmark § 34 , om tiltak og inngrepsløyve for å lette ferdsel i utmark  § 35 , om stansing og fjerning av ulovlige byggverk tvangsmulkt  § 40.

    • Rapportere til politiet og påtalemyndigheitene om ulovlege brot på friluftslova.

    • På førespurnad, gi fråsegner etter friluftslova § 20 om utalelse om tvilsspørsmål.

    • Forhandle fram gode løysingar lokalt ved til dømes å sikre eit tilstrekkeleg maskinpreparert løypenett.

  2. Kartlegging av ferdselshinder

    • Ta initiativ til kartlegging av ferdselshinder.

    • Fjerne ulovlege stengsel.

    • Jobbe målretta for å fremje friluftslivet jamfør friluftslova § 1 om lovens formål og § 22 om friluftslivsorganenes arbeidsoppgaver.

    • Ha god dialog med frivillige friluftslivsorganisasjonar.

  3. Leggje til rette for friluftsliv

    • Vurdere behovet for å stimulere til friluftsliv, leggje til rette friluftslivsområde og eventuelt søkjer om midlar til friluftsliv gjennom Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Post 74 gjeld stimulering og post 31 gjeld tilrettelegging.

    • Motivere til lågterskelaktivitetar og bynært friluftsliv.

    • Målretta aktivitet mot fleirkulturelle grupper.

  4. Kartleggje og verdsetje friluftslivsområde

    • Integrere friluftslivsarbeidet i kommunen sine planar etter plan- og bygningslova.

    • Sikre grøne lunger i tettstader og byar for lågterskelaktiviteter og urbant friluftsliv.

  5. Rettleie og informere

Kvifor?

  1. For å unngå konflikt kan det vere nødvendig å regulere. Det bør ikkje gjerast på ein måte som medfører restriksjonar av ein aktivitet framfor ein annan. Reguleringane bør ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Dette er mest aktuelt i byar, bynære område og mellom ferdselsformer som lett kjem i konflikt med kvarandre.

  2. Føremålsføresegna til friluftslova krev at ein skal fremje friluftslivet. Føremålet har vore å vise at arbeidet med friluftslova er ei kontinuerleg arbeidsoppgåve.

  3. Kommunen blir, innanfor fastsette politiske og økonomiske rammer, oppmoda  om å jobbe med tilrettelegging av friluftsliv der det er nødvendig. Dette kan for eksempel vere å utarbeide parkeringsplassar, skilte, forsterke stiar etter behov. Det er ynskjeleg at tilretteleggingstiltak blir utført i tråd med standardar for universell utforming.

  4. Kommunen skal ha fokus på friluftsliv ved rullering av kommuneplanar og i arbeidet med planar generelt. Nyttige verktøy i planarbeidet er kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde, jamfør handbok nr. 25-2004 om hvorfor å kartlegge og verdsette friluftslivområder. I byar er det særleg viktig at korridorar inn mot sentrum blir haldne opne for allmenn ferdsel.

  5. Ei viktig oppgåve vil vere å informere og rettleie om allemannsretten. For å kunne gjere dette må kommunane ha tilstrekkeleg kompetanse. Rettleiinga gjeld både  innhaldet i friluftslova og om friluftsliv meir generelt. Kommunen kan formidle informasjon på førespurnad og på nettet, gjennom sosiale media, pressa, tavler og skilt i landskapet, og så bortetter.

Lovgrunnlaget og andre retningslinjer

Kommunen si plikt til å opptre, klage og i tilfelle reise søksmål følgjer av friluftslova § 22 om friluftslivsorganenes arbeidsoppgaver. § 23 om forskrifter, er heimel for å skildre innhaldet i kommunen sine arbeidsoppgåver nærare. 



Sist revidert: 17.06.2014
av: Miljødirektoratet