Fjerne ulovlege stengsel

Friluftslova gir kommunen ansvar for å hindre at det blir sett opp ulovlege stengsel og skilt innanfor eigen kommune.

Kommunen si myndigheit

Friluftslova gir allmenn ferdselsrett i utmark. Ved å gjennomføre inngrep i naturen eller setje opp forbodsskilt, søkjer enkelte grunneigarar å gjere utmark til innmark. Dette er å ta frå allmenta dei lovfesta rettane deira.

Friluftslova gir kommunen ansvar for å hindre at det blir sett opp ulovlege stengsel og skilt innanfor eigen kommune, jamfør § 13 i friluftslova om ulovlige stengsler eller forbudsskilt. For kommunen inneber dette å halde seg orientert om kvar det finst ulovlige stengsel og skilt. Når slikt arbeid føregår, har kommunen myndigheit til å stogge vidare arbeid og fjerne ulovlege stengsel og skilt som allereie er sett opp.

Argumentasjon

  • Allemannsretten gjeld i utmark. Det er ikkje tillate å privatisere utmark på ein slik måte at dei lovlege innmarksområda blir utvida til òg å omfatte utmark.
  • Det er viktig å verne område som er strategisk viktige for folk sin ferdsel, anten det er langs sjøen, langs vassdrag, eller i korridorar inn mot byar og tettstader. Vern er viktig for folk sin moglegheit til å drive friluftsliv og for folkehelsearbeidet.
  • Sjå Stortingsmelding nr. 18 (2015-2016) Natur som kilde til helse og livskvalitet. Se kapittel 6.11, punkt 7.
  • Det er viktig å fjerne ulovlege stengsel for å følgje føresegna.

Lovgrunnlaget og andre retningslinjer

  • Friluftslova § 13 om ulovlige stengsler eller forbudsskilt, forbyr å setje opp ulovlege stengsel. Det andre leddet i føresegna forbyr å setje opp skilt som ikkje tillét ferdsel, opphald, bading og innhausting som allmenta har rett til. Stengsel og skilt kan fjernast med heimel i § 40 om stansing, fjerning av ulovlige byggverk, tvangsmulkt med videre.
  • I det andre leddet i føresegna går det fram at ulovlege stengsel kan fjernast av kommunen på den skuldige sin kostnad og med hjelp av politiet om nødvendig. Det er heimel for å påleggje vedkomande tvangsmulkt.
  • Pålegg om fjerning av ulovlege stengsel er eit enkeltvedtak som kan klagast inn til Fylkesmannen. Det er viktig at ein følgjer forvaltningslova sine reglar for enkeltvedtak. Eit viktig element i vurderinga av om eit stengsel eller skilt er ulovleg, er om stengselet eller skiltet er sett opp i utmark eller innmark. Kva som er utmark og innmark følgjer av § 1a) om hva som forstås med innmark og utmark. Det som i praksis er mest aktuelt å vurdere er om eit stengsel eller forbodsskilt står utanfor innmarksdelen av ei hus- eller hyttetomt. I samsvar med § 20 om uttalelse om tvilsspørsmål, kan kommunen både vurdere innmarks-/utmarksspørsmålet i pkt. a) og spørsmålet om eit stengsel er ulovleg i pkt. c). Dette er ikkje vedtak, men eit uttrykk for kommunen si haldning. Brot på friluftslova kan straffast etter § 39 om straff.

Eksempel

  1. Furumoasaka
  2. Hvalersaka

1. Konkret førespurnad
2. Kartlegging av ulovlege stengsel
3. Løyve etter plan- og bygningslova
4. Ikkje løyve etter plan- og bygningslova
5. Ulovleg stengsel
6. Vedtak om fjerning av ulovleg stengsel
7. Eventuell klagebehandling

1. Konkret førespurnad

Det kan komme inn tips og førespurnader frå publikum. Nokre kan reknast som informasjon til kommunen, medan andre òg kan innebere ei oppmoding om å vurdere om stengsel er lovlege, jamfør friluftslova § 20 om utallelse om tvilsspørsmål, og eventuell fjerning dersom stengslet er ulovleg.

3. Løyve etter plan- og bygningslova

Har kommunen gitt løyve med heimel i plan- og bygningslova, kan ikkje det same tiltaket vere i strid med friluftslova. Ein føreset at kommunen òg har vurdert forholdet til friluftslova når den gir løyve til inngrep etter plan- og bygningslova.

4. Ikkje løyve etter plan- og bygningslova

Er det ikkje gitt løyve må kommunen vurdere om stengslet er i strid med friluftslova § 13 om ulovelig stengsel eller forbudsskilt.

5. Ulovleg stengsel

Er stengslet lovleg vil saka stoppe her. Kommunen kan foreksempel komme til denne konklusjonen etter å ha gitt fråsegn jamfør friluftslova § 20 om utalelse om tvilspørsmål. Denne avgjerda er ikkje eit vedtak etter forvaltingslova. Avgjerda vil vere retningsgivande. Som ei oppfølging av arbeidet med kartlegging av ulovlege stengsel i strandsona, kan kommunen ha konkludert med at eit eller fleire stengsel er ulovlege. Ein føreset at kommunen fjernar stengsel dei sjølv har konkludert med er i strid med § 13 om ulovlege stengsler eller forbudsskilt. Plikta kan utleiast av § 22 om friluftslivsorganenes arbeidsoppgaver.

6. Vedtak om fjerning av ulovleg stengsel

Fjerning av ulovlege stengsel skjer med heimel i friluftslova § 40 om stansing, fjerning av ulovlige byggverk, tvangsmulkt med videre. Dette er eit vedtak som følgjer dei vanlege reglane i forvaltingslova.

Kommunen kan både stogge igangsett arbeid og fjerne ulovleg oppsette byggverk, stengsel og andre innretningar.

Etter at fjerningsvedtaket er rettskraftig, kan stengslet fjernast på tiltakshavars kostnad og med politiets hjelp.

Det kan skrivast ut tvangsmulkt, anten som ein eingongssum eller som ei fast dagsmulkt.

7. Eventuell klagebehandling

Eit ulovleg stengsel kan ikkje fjernast før eit vedtak med heimel i friluftslova § 40 om stansing, fjerning av ulovlige byggverk, tvangsmulkt med videre, er rettskraftig. Ved klage må ein difor vente på ei avgjerd frå Fylkesmannen. En del saker går til sivilt søksmål. I desse sakene vil det vere naturleg å vente med å fjerne stengslet inntil saka har blitt rettskraftig behandla i rettsapparatet.

Sist revidert: 14.11.2017
av: Miljødirektoratet