Vurdere behov for ferdselsrestriksjonar

Nokre allemannsrettar er så ekskluderande for andre menneske at ein treng regulering. Dette kan særleg gjelde i bymarker med høg brukarintensitet.

Kommunen si myndigheit

For å hindre konflikt mellom to eller fleire ferdselsformer med heimel i allemannsretten, kan kommunen forby ei ferdselsform på enkelte oppgitte strekningar.

Bruk av allemannsretten kan skape konflikt. Nokre gonger er det enkeltståande tilfelle, andre gonger meir vedvarande og større konfliktar som krever at kommunen iverksetter tiltak. Dei to mest vanlege konfliktane er mellom ulike brukarar av allemannsrettar, til dømes mellom syklande og gåande. Den andre er konfliktar mellom allmenta, grunneigar eller brukar. Det kan òg vere nødvendig med ferdselsregulering ut frå slitasjeskade på natur.

Argumentasjon til saksbehandlaren

  • Reguleringa vil redusere og spreie slitasjen slik at enkeltområde ikkje blir overbelasta.
  • Dei fleste aktivitetar bør gå føre seg parallelt i same område, men nokre aktivitetar i avgrensa område vil, grunna attraktivitet, medføre konflikt mellom brukargrupper. Desse områda bør regulerast dersom det ikkje er sannsynleg at konflikten kan løysast ved informasjon/tilrettelegging eller er av kortvarig karakter.
  • Området eignar seg ikkje for tyngre tilretteleggingstiltak til dømes omfattande riding.

Lovgrunnlaget og andre retningslinjer

  • Heimel for ferdselsreguleringar finn ein i § 2 i friluftslova andre ledd, om ferdsel i utmark. Retningslinjer for kommunen si behandling av denne typen saker finn ein i Miljøverndepartementet sitt rundskriv T-3/07, punkt 3.2.2, som er knytt til sykling. Det er verdt å merke seg at denne typen reguleringar er ei forskrift, jamfør § 24 i friluftslova tredje ledd, om forholdet til forvaltningsloven, herunder kunngjøring og klage. Før forskrifta blir  kunngjort må den stadfestast av Fylkesmannen, jamfør § 2 andre ledd, siste setning om ferdsel i utmark. Uavhengig av at dette er ei forskrift, kan den òg – etter den er kunngjort og har tredd i kraft – bringast inn for Miljødirektoratet for ei overordna vurdering.

Eksempel

Eksemplet med riding og ferdsel i Larvik

Forskrift om regulering av ferdselen på Fritzøe Skogers eiendommer i Vestmarka, Larvik kommune, Vestfold.
Fastsett av Larvik kommunestyre 18. november 1998 med heimel i § 2 i Lov om friluftslivet av 28. juni 1957 nr. 16. om ferdsel i utmark.

1. Behov
2. Kommunen ynskjer å regulere
3. Samtykke frå grunneigar
4. Kommunen skriv ut forslag til forskrift
5. Høyring/oppsummering
6. Stadfesting av Fylkesmannen
7. Kunngjering av endeleg forskrift
8. Eventuell klagebehandling

1. Behov

Kommunen oppdagar eit behov eller ein konflikt, eller får innspel frå personar eller organisasjonar.

2. Kommunen ynskjer å regulere

Kommunen bør alltid først vurdere om konflikten kan løysast gjennom rettleiing og informasjon. Ofte vil det vere naturleg å vurdere om enkel tilrettelegging til dømes kan hindre slitasje og slik gjere reguleringar unødvendige. Kommunen har inga plikt til å regulere. I føresegna ligg det skjønn der ein må ta omsyn til både ulike typar brukargrupper, naturen og grunneigar eller brukar.

3. Samtykke frå grunneigar

Regulering krev samtykke frå grunneigar. Dette er et ufråvikeleg krav.

4. Kommunen skriv ut forslag til forskrift

Moment:

  • Det skal ikkje vere kurant å regulere vekk ein allemannsrett.
  • Reguleringa skal gjelde ei konkret strekning eller eit konkret avgrensa område. Den kan ikkje gjelde generelt over eit større område. Det vil til dømes ikkje vere høve til generelt å forby sykling på stiar i eit større markaområde.
  • Stor terrengslitasje kan medføre eit behov for regulering. Ei aktuell problemstilling er riding på vegar og stiar i meir urbane område, og særleg der rideskular arrangerer organiserte turar. Her vil det vere aktuelt å forby riding på visse stiar heile eller delar av året for å unngå at desse blir trakka sund.

5. Høyring/oppsummering

Sjå forvaltingslova kapittel VII om forskrifter.

6. Stadfesting av Fylkesmannen

Regulering etter friluftslova § 2 om ferdsel i utmark, må stadfestast av Fylkesmannen. Det same gjeld reguleringar i visse friluftsområde etter § 15 om regulering av ferdsel på visse friluftsområde.

7. Kunngjering av endeleg forskrift

Kommunen kunngjer endeleg forskrift i Norsk Lovtidend.

8. Eventuell klagebehandling

Forskrifta kan bringast inn for Klima- og miljødepartementet av grunneigar, brukar, av kommunen der grunnen ligg, av ein nabokommune, av fylkeskommunen eller av eit interessert friluftslag. Klima- og miljødepartementet står fritt til å gjere om forskrifta.

Sist revidert: 18.03.2015
av: Miljødirektoratet