Kulturminne, kulturmiljø og landskap - Miljøkommune
Kommandobunkeren ved Marka kystford på Lista i Farsund kommune, Vest-Agder. Foto:Anja Heie, Riksantikvaren
Askeladden

Askeladden er eit viktig forvaltningsverktøy. Her finn du oversikt over kulturminne med eit formelt vern. Kommuner skal og leggje inn kulturminne som er vurdert som verneverdige.

Kommandobunkeren ved Marka kystford på Lista i Farsund kommune, Vest-Agder. Foto:Anja Heie, Riksantikvaren
Bedehus og skolehus med felles utedo langs den gamle sørlandske hovedvei i Mandal, Vest-Agder. Foto: Leidulf Mydland.
Kulturminneplan

Ein kulturminneplan er eit nyttig verktøy for å ta vare på kulturminne med lokal verdi.

Les meir

Bedehus og skolehus med felles utedo langs den gamle sørlandske hovedvei i Mandal, Vest-Agder. Foto: Leidulf Mydland.
Hoem melkerampe i Selbu kommune, Sør-Trøndelag. Foto: Birker Lindstad, Riksantikvaren.
Utviklingsnett

Utviklingsnett er Riksantikvarens kompetansetilbod til kommunane om aktuelle kulturminnefaglege emner. Seminara er gratis og blir arrangert ulike stader i landet.

Les meir

Hoem melkerampe i Selbu kommune, Sør-Trøndelag. Foto: Birker Lindstad, Riksantikvaren.

Kulturminne, kulturmiljø og landskap

Kommunane er viktige forvaltarar av kulturminne, kulturmiljø og landskap, med ansvar for å kjenne og å ta omsyn til kulturminna i sin kommune. Berre eit fåtal kulturminne har eit formelt vern, og alle kulturminne blir forvalta lokalt.

Kulturminne, kulturmiljø og landskap gir opplevingar og kunnskap. Dei er viktige for korleis vi forstår oss sjølv og andre, og for korleis vi forstår andre tider. Det inneber at kulturarven spiller, og bør spille, ei viktig rolle i utforminga av samfunnet i dag, og i framtida.

Kulturminne er spor etter menneska sine liv og virke i det fysiske miljøet, både frå nær og fjern fortid. Kulturmiljø er område der kulturminne inngår som del av ein større samanheng, mens landskap er heilskapen av det naturgitte og det menneskeskapte i omgjevnadene våre. 

Freda – verna – verneverdig

Kulturminneforvaltninga opererer med fleire typar vernestatus for kulturminne. Kommunen har særleg ansvar for dei lokalt viktige kulturminna som ikkje har vern gjennom kulturminnelova, det vil seie verneverdige kulturminne.

Verneverdige kulturminne
  • Dei fleste verneverdige kulturminne er ikkje formelt verna etter kulturminnelova. Mange bli tatt godt vare på fordi dei blir oppfatta som verdifulle av eigarar og brukarar. Nokre er verna etter plan- og bygningslova. Normalt vil det være kommunane som sikrar vern av slike kulturminne ved hjelp av plan- og bygningslova.
Verna kulturminne
  • Kulturminne kan ha eit formelt vern gjennom ulike typar lovverk, for eksempel kan dei vere verna etter plan- og bygningslova, kyrkjelova eller naturmangfaldslova.
  • Andre verkemidlar for vern er for eksempel statlege verneplanar, listeføring og tilskotsordningar
Freda kulturminne

 

Temainngangane nedanfor gir ein oversikt over kommunens mynde og plikt, og rettleiing i korleis konkrete oppgåver kan løysast:

Sist revidert: 02.07.2018
av: Riksantikvaren
Relatert informasjon