Hoem melkerampe i Selbu kommune, Sør-Trøndelag. Foto: Birger Lindstad, Riksantikvaren.
Utviklingsnett

Utviklingsnett er Riksantikvarens kompetansetilbod til kommunane om aktuelle kulturminnefaglege emner. Seminara er gratis og blir arrangert ulike stader i landet.

Les meir

Hoem melkerampe i Selbu kommune, Sør-Trøndelag. Foto: Birger Lindstad, Riksantikvaren.

Ta vare på verneverdige kulturminne

Kommunen skal ta vare på alle sine kulturminne, men dei har eit særskild ansvar for dei lokalt viktige, verneverdige kulturminna som ofte ikkje har eit formelt vern.

Verneverdig kulturminne

Eit verneverdig, eller bevaringsverdig, kulturminne er eit kulturminne som har gjennomgått ei kulturhistorisk vurdering og er identifisert som verneverdig. Nemningane verneverdig og bevaringsverdig betyr det same og blir brukt om kvarandre.

Kulturminne kan ha regional eller lokal verdi. Normalt vil det vere kommunane som sikrar vern av slike kulturminne ved hjelp av plan- og bygningslova.

Kommunalt verneverdige kulturminne er kulturminne som kommunen har identifisert som verneverdige, og som det gjennom politisk vedtak er bestemt at skal bli tatt vare på.

Dei mest verneverdige kulturminna er av nasjonal verdi. Det er fyrst og fremst desse som blir freda etter kulturminnelova.

Ein annan måte å markere at eit kulturminne er verneverdig på er listeføring.

Dei fleste verneverdige kulturminne er ikkje formelt verna etter kulturminnelova eller plan- og bygningslova. Mange blir likevel tatt vare på fordi dei blir oppfatta som verdifulle av eigarar og brukarar.

Kjelde: Riksantikvarens ordforklaringer

Oppgavehjelp til saksbehandlingen

Sist revidert: 19.12.2017
av: Riksantikvaren