Foto: Jan Hausken

Regjeringen forventer at det legges til rette for en aktiv livsstil og økt friluftsliv ved å knytte sentrum, boligområder, skoler og barnehager til friluftsområder gjennom etablering av trygge og sammenhengende forbindelser for gående og syklende (Nasjonale forventninger).

Foto: Jan Hausken

Grønstruktur og bymarker

Kommunane skal syte for å sikre og utvikle ein samanheng i dei grøne områda gjennom kommuneplanarbeidet.

Ein samanhengande grønstruktur er viktig for menneska si helse og levekår og for det biologiske mangfaldet. Ved sikring og utvikling av grønstrukturen og bymarkene i området, bidreg dei grøne områda til å redusere klimautsleppa og gjere dei utbygde områda meir robuste til å stå imot klimaendringar, ved at dei blant annet fordrøyer overflatevatnet og hindrar flaum. Samtidig bidreg dei grøne areala til at byar og tettstader blir attraktive og hyggjelege å bu og opphalde seg i.

Samanhengen i grønstrukturen i byar og tettstader gir lettare tilgang til marka og område langs sjø og elver. Grønstrukturen og bymarkene gir alle grupper av folket moglegheit til å drive aktivitetar og friluftsliv, og til å oppnå ei betre helse. Vidare bidreg grønstrukturen og bymarkene til å oppretthalde det biologiske mangfaldet.

Mange kommunar har ikkje oversikt over verdifulle område for natur, landskap og friluftsliv innanfor tettstadsgrensene. Ei fortetting i byggjesona utan kunnskap om grøntområda si rolle og verdi, kan øydeleggje verdifulle grøntområde og bukvalitetar i nærmiljøet.

Grønstrukturen i byar og tettstader er veven av små og store samanhengande, naturprega areal. Marka-omgrepet blir brukt som fellesomgrep for dei by- og tettstadsnære friluftslivsområda. St.meld. nr. 23 (2001-2002) Betre miljø i byar og tettstader fokuserer på byomforming og fortetting som byutviklingsstrategi. Målet er å utvikle tette og funksjonelle byar og tettstader, der ein blant anna legg vekt på miljøvennleg transport og ein lett tilgjengeleg og attraktiv grønstruktur.

Kommuneplan generelt

 

  • Kommunen kan utarbeide plan for sin grøntstruktur og bymark som klargjere verdiar og interesser, som grunnlag for å sikre markaområda. Kommunen bør kartleggje, klassifisere og tilstandsvurdere. Dette for å sikre ei god tilrettelegging for friluftslivet, avvege og samordne ulike brukarinteresser, gi oversikt over moglegheiter som finst i kombinasjonen av grønstruktur, kulturlandskap og markaområde, handtere busetnad, anlegg og verksemder inne i marka og bidra til å avklare by- og tettstadsutvikling tilknytt marka. Det anbefalast det å ha ein strategi for kva slags samanhengar som må etablerast og kva for areal som må vernast eller er sårbare for utbygging. 

Arealdelen

  • I arealdelen av kommuneplanen er det eit eige arealføremål for grønstruktur etter lovkommentar til plandelen av plan- og bygningsloven § 11-7 nr 3, om arealformål i kommuneplanens arealdel, som kan delast inn i underføremåla naturområde, turdrag, friområde og parkar. I føresegnene til § 11-9 om generelle bestemmelser til kommuneplanens arealdel, kan kommunen stille krav til vidare detaljplanlegging for private utbyggjarar, og rekkjefølgjekrav for å sikre etablering av grønstruktur før område blir tatt i bruk, funksjonskrav til leike-, ute- og opphaldsplassar, og til fysisk utforming av anlegga § 11-10 om bestemmer til arealformål etter § 11-7 nr. 1, 2, 3 og 4.

 

  • I arealdelen av kommuneplanen skal kommunen òg vise omsyn og restriksjonar som har innverknad på bruken av areala, såkalla omsynssoner jamfør lovkommentar til plandelen av plan og byggningsloven § 11-8 om hensynssoner. Dette gjeld òg soner med særlege omsyn til blant annet friluftsliv og grønstruktur, landskap eller bevaring av natur- eller kulturmiljø.

Reguleringsplan

  • Tilsvarande gjeld for reguleringsplanar og bruk av grønstruktur som arealføremål etter lovkommentar til plandelen av plan- og bygningsloven § 12-5 nr. 3 om arealformål i reguleringsplan og bruk av omsynssoner § 12-6 om hensynssoner i reguleringsplan. Kommunen kan stille krav til private tiltakshavarar, organisasjonar og andre myndigheiter som fremjar forslag til reguleringsplanar, om at dei følgjer opp overordna rammer frå arealdelen i kommuneplanen og eventuelle områdeplanar. I føresegnene til reguleringsplanen kan ein setje krav om utforming, estetiske krav, vilkår for bruk av areala, funksjons- og kvalitetskrav til anlegg og uteareale og avgjerder for å sikre naturtypar og anna verdifull natur.

 

  • Kommunen kan påleggje utbyggjarar å ta omsyn til eksisterande grønstruktur og bymarker og dessutan utvikle nye samanhengar der slike ikkje finst. 

Byggesak

  • I byggesaksdelen i plan- og bygningslova kan kommunen om nødvendig leggje ned forbod om oppføring av byggverk, eller stille særlege krav til byggjetomta og ubygd areal, slik som byggjegrunn, busetnad og uteareal, jamfør plan- og bygningsloven § 28-1 om byggegrunn, miljøforhold med videre. Her kan ein gi forskrifter.
  • Når det gjeld den ubygde delen av tomta og fellesarealet, jamfør plan- og bygningsloven § 28-7 om den ubebygde del av tomta, skal kommunen syte for at uteareal på tomta gjennom si utforming, plassering og storleik sikrar forsvarlege opphaldsstader i det fri for innbyggjarane og gjer leik og rekreasjon mogeleg.
Sist revidert: 11.06.2015
av: Miljødirektoratet